Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · H 2025
50 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.
Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.
Emnet er eit fellesemne for alle bachelorstudia ved HVL og vert gjennomført i første semester.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Retningsliner for godkjenning
Godkjenning av fellesemnet mellom studieprogram ved HVL
HVL-studentar som skiftar studieprogram ved HVL kan etter søknad få godkjend bestått fellesemne med likt omfang eller større ved opptak til nytt studieprogram. Når fellesemnet i nytt studieprogram har større omfang enn i tidlegare studieprogram, må emnet takast opp att i sin heilskap og ny eksamen gjennomførast.
Godkjenning av innføringsemne frå andre institusjonar
HVL kan etter søknad godkjenne innføringsemne frå beslekta studieprogram frå andre utdanningsinstitusjonar. Ivurderinga er det avgjerande om læringsutbytta er dekkande for fellesemnet i aktuelt studieprogram ved HVL.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Fellesdel
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Fagspesifikk del
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.
Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord +/- 10%
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått
Ny eksamen: Dersom eksamen ikkje er bestått, er det mogleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.
Solveig N Hatlevoll
Krav til deltaking/frammøte i obligatoriske læringsaktivitetar er 80%, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL §8-4(3).
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som IDF100.
| Semester | Kandidater | Stryk |
|---|---|---|
| Høst 2025 | 50 | 14 % |
| Høst 2024 | 50 | 0 % |
| Høst 2023 | 57 | 5,3 % |
| Høst 2022 | 60 | 0 % |
| Høst 2021 | 105 | 7,6 % |