Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
69 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via NTNU, slik den var publisert for høsten 2026. NTNU er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
NTNU sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
I NORD1106 tek vi for oss historisk endring og geografisk variasjon i norsk.
Studentane får innsikt i og forståing av hovudlinjene i norsk språkhistorie. Det gjeld både den strukturelle utviklinga av norsk språk frå urnordisk til i dag og den sosiale og politiske historia om norsk språk. Det siste er særleg viktig etter 1814, da statleg språkstyring førte til to skriftspråk og ei rekkje rettskrivingsreformer.
Hovudvekta vil liggje på norrønt og dei tradisjonelle norske dialektane, inndelinga av dei og hovudkjenneteikna på ulike dialektområde. Vi legg vekt på korleis ein treng norrønt for å forklare dialektvariasjonen, og korleis språket har utvikla seg mellom desse idealiserte tilstandane. Vi kjem også inn på sosial variasjon og nyare utviklingstendensar i talemålet.
Kunnskap:
Kandidaten har kunnskap om:
Ferdigheiter:
Kandidaten kan:
Vurderingsordning:
- Semesteroppgåve på ca. 1500 ord. Denne delen tel 40 % av samla karakter.
- Skriftleg eksamen, 4 timar. Denne delen tel 60 % av samla karakter.
Dei to delane får kvar sin karakter, men på vitnemål og karakterutskrifter frå NTNU vil berre samla endeleg karakter stå. I den samla karakteren er deleksamenane vekta som oppgitt ovanfor. For at emnet skal vere greidd, må begge delane ha ståkarakter. Studentar som har stroke på semesteroppgåva, kan klage på karakteren og ta den skriftlege eksamenen, men dersom dei ikkje får medhald i klagen, blir den skriftlege eksamenen annullert.
Det er ikkje høve til å levere semesteroppgåve i semester når det ikkje er undervisning i emnet, med unntak for studentar som har gyldig forfall på semesteroppgåva. Det blir gjeve gjentakseksamen for skriftleg eksamen før neste ordinære eksamensperiode for studentar som har stått på semesteroppgåva. Ved seinare gjentak må begge deleksamenane takast på nytt.
Undervisningsformer: førelesingar, gruppeundervisning med obligatoriske øvingar.
Obligatorisk aktivitet:
I emnet skal studenten oppfylle eit obligatorisk arbeidskrav som består av inntil 8 kortfatta øvingsoppgåver. Dette er skriftlege og/eller munnlege øvingar som er knytte til gruppeundervisninga, og som blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Meir informasjon og retningslinjer blir gitt ved semesterstart.
Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får derfor ikkje gyldig forfall til undervisning på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skyldast hindringar som du ikkje kan lastast for. I særlege tilfelle kan det gjerast avtale med emneansvarleg om unntak frå fråværsgrensa, helst ved semesterstart.
Krav til målform: Eksamen og obligatoriske øvingar skal skrivast på nynorsk.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gjeven og påfølgjande semester).
Kilde: Felles studentsystem (FS) via NTNU, slik den var publisert for høsten 2026. NTNU er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som NORD1106.
| Semester | Kandidater | Snitt | Stryk |
|---|---|---|---|
| Høst 2025 | 11 | E (0.73) | 63,6 % |
| Vår 2025 | 69 | D (2.25) | 26,1 % |
| Vår 2024 | 72 | D (2.33) | 22,2 % |
| Høst 2023 | 19 | E (0.58) | 63,2 % |
| Vår 2023 | 85 | D (2.15) | 30,6 % |
| Vår 2022 | 78 | C (2.65) | 15,4 % |
| Vår 2021 | 115 | C (2.72) | 9,6 % |
| Høst 2020 | 12 | E (0.92) | 41,7 % |
| Vår 2020 | 98 | D (1.61) | 30,6 % |
| Vår 2019 | 102 | D (2.24) | 23,5 % |
| Høst 2018 | 7 | E (1.29) | 57,1 % |
| Vår 2018 | 97 | D (1.89) | 32 % |
| Vår 2017 | 121 | C (2.54) | 14,1 % |
| Vår 2016 | 105 | D (2.07) | 26,7 % |
| Vår 2015 | 102 | C (2.75) | 22,6 % |
| Vår 2014 | 78 | C (2.54) | 18 % |
| Høst 2013 | 4 | F (0.00) | 100 % |
| Vår 2013 | 86 | C (2.72) | 11,6 % |
| Vår 2012 | 93 | C (2.57) | 14 % |
| Høst 2011 | 3 | D (2.00) | 0 % |
| Vår 2011 | 81 | D (2.00) | 21 % |