Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
60 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Målet med emnet er å gje avansert innsikt i sambandet mellom fagfellevurdert og praktisk kunnskap i yrkesutøving i skulen. Emnet skal vidare gi inngåande kunnskap om utdanningsforsking og akademiske arbeidsformer i møte med praksisutøving på ulike nivå i utdanningssystemet. Kunnskapsbasert handling vil vere eit gjennomgåande tema i emnet.
Emnet har tre innhaldsdeler:
Del 1: Utdanningsforsking som kunnskapsutvikling
Legg vekt på eksisterande forsking og kunnskapsfront med relevans for skule og utdanning. Gjennom aktuell forsking, perspektiv og tradisjonar skal studentane bli kjende med faglege diskursar innan skule- og utdanningsfeltet og pågåande forskingsverksemd på eigen institusjon. Gjennom arbeid med litteratursøk, litteraturreview og andre akademiske tekstar skal studentane knyte eige masterprosjekt til aktuelle faglege diskursar.
Stikkord for innhald:
Del 2: Eigen akademisk kunnskapsutvikling
Denne delen legg vekt på førebuing til masteroppgåveskriving som eige prosjekt. Forskingsprosessen involverer arbeidet med ei prosjektskisse der teoretiske perspektiv, datainnsamling, analyse og presentasjon står sentralt. Studentane skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter knytt til vitskapleg kunnskapsskaping som kollektive og individuelle prosessar. Inngåande kunnskapar om akademisk tekstarbeid er ein del av innhaldselementet.
Stikkord for innhald:
Del 3: Bruk av kunnskap i praktisk utdanningsverksemd
Legg vekt på den praktiske og konkrete bruken av ny, forskingsbasert kunnskap i møtet med etablert utdanningsverksemd. Emnet skal gi inngåande kjennskap til omgrep med relevans for individuell og organisatorisk læring i undervisningsinstitusjonar. Studentane skal kunne omforme eigen og andre sine abstrakte innsikter til konkret handling i ein yrkessituasjon.
Stikkord for innhald:
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Emnet vil bli lagt opp med samlingar (fysiske og digitale), nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Utvikling av eige forskingsprosjekt i form av planlegging av masteroppgåva er ein gjennomgåande og sentral læringsaktivitet.
Det er inntil to samlingar á 3 dagar i emnet.
Oppgåve. Innlevering av skriftleg prosjektskisse. Omfang: 4000 til 5000 ord. Framside, innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Følgande obligatoriske læringsaktivitar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen:
Nærare retningslinjer for læringsaktivitetane gis ved semesterstart.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som MPUV505.
| Semester | Kandidater | Stryk |
|---|---|---|
| Høst 2025 | 7 | 0 % |
| Vår 2025 | 60 | 6,7 % |
| Vår 2024 | 37 | 8,1 % |
| Høst 2023 | 5 | 0 % |
| Vår 2023 | 54 | 0 % |
| Høst 2021 | 12 | 0 % |