Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
120 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Emnet gjev ein første innføring i sosialt arbeid i praksis. Studentane skal ta i bruk kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse frå tidlegare tema i studieåret, og utvikle desse i direkte samhandling med brukarar. Studentane skal øve på å sjå samanhengar mellom teori og praksis, og reflektere over eiga rolle i samhandling med individ/grupper og system.
Studentane skal rette fokus både på eiga yrkesrolle og identitet, og utvikle evna si til kritisk refleksjon over praksis, eigne erfaringar, haldningar og kunnskap. Studentane skal øve opp ferdigheter i kritisk refleksjon og i tema om dei ulike praksisstadane sine arbeidsmetodar.
Emnet innleia og avslutta med eit refleksjonsseminar med fokus på yrkesroller, kommunikasjon og relasjon. Studentane bruker kunnskap om sosialpolitisk forståing, levekår og livskvalitet for utsette grupper og sette dette i samanheng med gjennomført praksis. Som ein del av førebuinga i emnet skal studentane delta i seminar om dokumentskriving og sakshandsaming, der ein kombinerer kunnskapen ein har tileigna seg i SAB140.
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
Ferdigheiter:
Studenten...
Generell kompetanse:
Studenten…
Emnet vert innleia og avslutta på campus med teoretisk undervisning og ferdigheitstrening innan aktuelle tema for praksisperioden. Studenten skal delta på fastsette veker på tildelt praksisplass, og førebuingar, undervisning og seminar på campus. I praksis skal studenten også arbeide med skriftlege oppgåver knytt til eigne læringsmål.
Studenten har normalt 1 studiedag pr. uke, og er 4 dagar på praksisplassen (30 timer). Som houvdregel skal studenten følge arbeidstiden til praksisrettleiaren sin. I nokre høve kan dette bety at studenten må arbeide i turnus. For studentar som deltek i Nattergalen som ein del av sitt praksistilbod, vil det vere eigne beskrivingar for korleis timane er organisert då Nattergalordninga strekk seg over ein lengre tidsperiode enn den ordinære praksisperioden.
På praksisplassen får studenten tildelt rettleiar. Det er studenten som har ansvar for å førebu rettleiingstimane. Studenten skal i retteleinga reflektere over faglege og etiske problemstillingar. I tillegg vil det være naturlig å nytte rettleiinga til planlegging av arbeidsoppgåver og læringsmål, og oppfølging og evaluering av desse.
I starten av praksisstudiet kan studenten være med rettleiar/andre tilsette som observatør, men det vert forventa ein progresjon der studenten etter kvart får eigne arbeidsoppgåver, avhengig av kva moglegheiter som er på praksisplassen.
Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisrapporten frå praksisrettleiar, oppnådde læringsutbytte og godkjende obligatoriske læringsaktivitetar. Studenten må oppfylle krav til 90% frammøte i praksis.
Vurderingsuttrykk
Praksisstudiane vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Fråvær utover 10 % i praksis vert vurdert til ikkje bestått praksis.
Dersom studenten får vurdert praksis til ikkje bestått må heile praksisperioden takast om igjen.Studenten må i slike høve gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne vert arrangert.
For meir utfyllande informasjon sjå § 10-5.Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Bergen: Bjørnar Blaalid og Anette Kvammen Nilsen
Sogndal: Terese Rinde
Følgjande obligatorisk læringsaktivitetar må vere godkjend for at studenten kan få bestått praksis:
Godkjende læringsaktivitetar 2-4 er gyldige berre for gjeldande praksisperiode, og må takast opp att dersom studenten ikkje får bestått praksis. Godkjend læringsaktivitet 1 er gyldig utan avgrensing i tid
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som SABP1.
| Semester | Kandidater | Stryk |
|---|---|---|
| Vår 2025 | 120 | 0 % |
| Vår 2024 | 102 | 0 % |
| Vår 2023 | 105 | 0 % |
| Vår 2022 | 119 | 0 % |
| Vår 2021 | 142 | 0 % |