Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
10 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Dette emnet gir avansert innsikt i andrespråksdidaktikk og omfattar tre sentrale tema: andepråkslæring, andrepråkundervising og vurdering av språkferdigheiter.
Temaet andrespråkslæring omfattar teoriar og metodar i forsking på korleis barn, unge og vaksne lærer eit nytt språk etter at dei har etablert eit førstespråk, med særleg vekt på læring av norsk som andrespråk. Temaet tar opp sentrale emne som innlærarspråk, morsmålets rolle i innlæringa (transfer), og faktorane innputt, utputt og interaksjon, motivasjon og identitet. Som del av dette temaet gir emnet òg innsikt i språket som system og metodar for samanlikning av språk på systemnivå.
Under temaet andrespråkundervising vil didaktiske spørsmål bli diskutert. Søkelyset er retta mot undervising av både reseptive (lese og lytte) og produktive (snakke og skrive) ferdigheiter, med vekt på utfordringar knytte til ordlæring, uttale, grammatikk og pragmatikk. Sentralt under dette temaet er spørsmålet om korleis vi kan legge til rette for god undervising for alle elevane i det fleirspråklege klasserommet, og korleis ein kan løfte fleirspråklegheit fram som ein ressurs for både minoritetsspråklege og majoritetsspråklege elevar, for eksempel ved å legge til rette for språksamanlikning som kan styrke det metaspråklege medvitet til alle elevane. Her gir emnet òg innsikt i den potensielle nytten minoritetsspråklege elevar kan ha av å lære to språk i nær slekt (norsk og engelsk) samtidig. Temaet gir grunnlag for ei kritisk vurdering av læreplanmål relatert til språklæring og fleirspråklegheit. Temaet trekker også inn skjønnlitteratur og litterær samtale som del av andrespråksundervisinga.
Det tredje temaet, vurdering av språkferdigheiter, handlar om vurdering og kartlegging av elevars ferdigheiter i norsk. Kva som kjenneteiknar ein god prøve, er sentralt i emnet, og emnet gir ei innføring i det teoretiske grunnlaget for utvikling og kvalitetssikring av prøvar på den eine sida, og prinsipp for praktisk utvikling av gode prøvar, på den andre. Emnet tar også for seg testetiske problemstillingar knytt til vurdering av barn, og korleis ulike prøvar blir brukte, og misbrukte, i samfunnet, og moglege konsekvensar av prøvar på individ og samfunn på kort og lang sikt.
Sentrale undervisningsemne:
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Skuleeksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen:
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Nærare retningsliner for læringsaktiviteten gis ved semesterstart.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som MDIP501D.
| Semester | Kandidater | Snitt | Stryk |
|---|---|---|---|
| Vår 2025 | 10 | B (3.60) | 0 % |
| Vår 2023 | 6 | C (3.50) | 0 % |
| Vår 2022 | 4 | B (4.00) | 0 % |