Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · H 2025
45 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit innføringsemne og er studentens første møte med Høgskulen på Vestlandet sitt faglege og sosiale fellesskap. Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping.
Emnet fremjar perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Innføringsemnet rettar merksemda mot berekraft og vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Emnet siktar mot å utvikle studentanes kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i forhold til utdanning og berekraft. Emnet legg til grunn at vitskapleg arbeid mellom anna er eit akademisk handverk. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar utgjer deler av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring. Ved bruk av akademiske arbeidsmåtar vert ein kjent i og tek del i bygginga av kunnskapens hus. Handverket set ein i stand til å kunne vurdere og dokumentere informasjonskjelder, og til å utvide og utdjupe kunnskap. Handverket set ein stand til å skrive akademiske tekstar.
Danning er det som mennesket prøver å gjere av seg sjølv i eit samfunn. Danning gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen. Kunnskapar, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere.
Utdanning er menneskets formidling og tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner. Slik vert individet i stand til å delta i arbeidsprosessar. Utdanning byggjer menneske og samfunn.
Emnet legg FNs berekraftmål til grunn. Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar, fagleg og administrativt tilsette Emnet har ein felles del som utgjer 5 studiepoeng og ein spesifikk fakultetsdel på 2,5 eller 5 studiepoeng (ved 10 studiepoengs emnemodular). Delen som er felles og fakultetsdelen utgjer ei integrert eining.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
En student med fullført emne skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Læringsutbytter som er markert med stjerne betyr at læringsutbytter er knyttet til Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningane.
Kunnskap:
Studenten…
Grunnleggjande ferdigheiter:
Studenten kan …
Generell kompetanse:
Studenten...
Oppgåve
Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1 500 ord +/- 10%.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk
Bestått/ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått eksamen må studentane levere ei ny skriftleg gruppeoppgåve.
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Digitalt kurs i informasjonskompetanse
2. Deltaking i gruppearbeid med rettleiing
3. Aktivt bidrag i utvikling og deling av digital presentasjon i gruppa
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som ERG110.
| Semester | Kandidater | Stryk |
|---|---|---|
| Høst 2025 | 45 | 0 % |
| Høst 2024 | 48 | 0 % |
| Vår 2024 | 7 | 0 % |
| Høst 2023 | 42 | 19,1 % |
| Høst 2022 | 46 | 0 % |
| Høst 2021 | 41 | 0 % |
| Høst 2020 | 50 | 0 % |