Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
31 kandidater
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
I Matematikk 2 fordjupar studentane seg i nokre av dei matematikkdidaktiske og matematikkfaglege temaa frå Matematikk 1. Fokus er her meir konsentrert og forskingsretta enn i Matematikk 1.
Matematikk 2 er delt opp i følgjande emne:
Denne planen omtalar emne 2.
Til saman dekkjer emne 1 og 2 læringsutbyttet for Matematikk 2 skildra i dei Nasjonale retningslinjene for Grunnskulelærarutdanninga 5-10.
Emnet skal gi studenten vidare bakgrunn for å inkludere problemløysing og handlingskompetanse i matematikk i eiga undervisning, og eit utvida analysegrunnlag for å løyse utfordringar knytt til arbeidsorganisering, systematikk og struktur i samband med dette i undervisning og læring.
Elevar nyttar matematikk i og utanfor skulen, og lærer for å utvikle evna til å bruke matematikk i framtida. Slik handlingskompetanse inneber at ein kan avgjere at ein har eit problem/ein situasjon som krev matematikk, korleis ein skal handtere eit problem og kva matematikk ein skal nytte for å handtere problemet/situasjonen. Dette vert gjort gjennom fordjuping i arbeid med problemløysing i matematikk, mellom anna ved bruk av heuristiske tilnærmingsmåtar. I denne samanheng vert det lagt vekt på:
I dette emnet skal studenten også fordjupe seg i eit sjølvvalt tema innanfor matematikkdidaktikk, med utgangspunkt i korleis matematikk vert utvikla, kommunisert og nytta. Dette forskings- og utviklingsprosjektet (FoU-oppgåve) kan byggje på tema som har vore prioritert tidlegare i studiet. Prosjektet kan difor til dømes vere basert på å hente inn empiriske data, utprøving eller dokument-/planstudium. FoU-oppgåva skal vere eit prosjekt som knyter matematikkfaget saman med PEL-faget.
Emnet har fokus på studenten som ein som kan initere og leie utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning. Forskingsparadigmer og forskingsmetodar vert arbeidd med. I dette arbeidet vil relevant forsking, forskingsmetodar og teoriar for læring og undervisning vere sentralt.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MGUMA101: Undervisning i matematikk
MGUMA201: Læring i matematikk
(det siste sifferet kan variere)
Detaljar i samband med organisering av undervising knytt til emnet vil kome fram i semesterplanen som vert delt ut ved emnets start. Gjennom studiet skal studentane få erfaring med arbeidsformer som er relevante i grunnskulen og som skal gi grunnlag for diskusjonar om arbeidsformer i skulen.
Det vert nytta førelesingar, diskusjonar, presentasjonar, gruppearbeid, og individuelt arbeid. Emnet stiller og krav om sjølvstendig arbeid med pensum, mellom anna med eit individuelt mappearbeid som utgjer sluttvurderinga. Undervisning knytt til FoU-oppgåva vil vere i form av rettleiing og seminar. Gjennom rettleiing vil studenten få hjelp til å utvikle, drive og reflektere over sitt eige utviklingsarbeid. Seminara vil vere ein stad der litteratur og praksis vert vovne saman, og kunnskap, erfaring og ferdigheiter vert synleg og utvikla gjennom førelesingar, presentasjonar og diskusjonar. Samarbeid med andre fagområde i utdanninga kan vere aktuelt.
Studenten får oppnemnd ein rettleiar ved starten av semesteret.
Karakterskala A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Ved ny mappevurdering er det ikkje høve til å levere ei forbetra versjon av mappa. Læringsaktivitet knytt til mappa må takast på nytt.
Ved ikkje bestått FoU-oppgåve er det ikkje høve til å levere en forbetra versjon av FoU-oppgåva. Ved ny eksamen må studenten levera inn ei ny FoU-oppgåve med eit nytt tema. Dette kan berre gjennomførast i semester der emnet blir tilbode ordinært og ikkje tidlegare enn i 2. semester etter ordinær eksamen. Obligatorisk læringsaktivitet knytt til FoU-oppgåve må takast på nytt.
Nokre av undervisingsøktene vil vere obligatoriske. Kva økter dette er snakk om, vil kome fram i semesterplanen som vert utdelt ved semesterstart.
Gjennom semesteret vert det arbeidd med problemløysingsoppgåver og annan probleimløysingstematikk. Obligatoriske innleveringar er knytt til dette arbeidet. Nærare skildring av omfang, innhald og krav til framdrift i arbeidet vert gitt ved semesterstart.
Studentar skal skrive ei FoU-oppgåve i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap.
Obligatorisk læringsaktivitet knytt til FoU-oppgåva:
Obligatorisk læringsaktivitet som er knytt til FoU-oppgåve er gyldige bare i 1 (eitt) semester etter ordinær eksamen.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som MGUMA401.
| Semester | Kandidater | Snitt | Stryk |
|---|---|---|---|
| Vår 2025 | 31 | B (3.55) | 0 % |
| Vår 2024 | 34 | B (3.94) | 0 % |
| Vår 2023 | 22 | C (3.50) | 0 % |
| Vår 2022 | 33 | B (3.55) | 9,1 % |
| Høst 2021 | 64 | C (3.42) | 4,7 % |
| Vår 2021 | 28 | B (4.14) | 0 % |
| Høst 2020 | 76 | C (3.26) | 7,9 % |
| Vår 2020 | 84 | C (3.40) | 3,6 % |
| Høst 2019 | 53 | B (3.62) | 0 % |
| Høst 2018 | 29 | B (3.97) | 0 % |