Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
132 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Norsk 1, 1.-7. steg er eit vidareutdanningskurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og mellomsteget. Etter forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng i norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.
Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB802N gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet.
Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege aktivitetar og digitale ferdigheiter, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i den nye norskplanen. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål, respons og vurdering, arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Norsk 1 emne 2 legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.
Begge emna samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på små- og mellomsteget.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Emne 2 går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Vi brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Zoom.
Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Undervisningstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Individuell mappevurdering med to fagtekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. I alle har studenten ei aktiv rolle anten ved å skrive eller tale, og aktivitetane er viktig førebuingsarbeid fram mot eksamen.
1. Individuelt refleksjonsnotat
2. Videoinnlevering i gruppe
Dei obligatoriske læringsaktivitane 1 og 2 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val" og " - kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar"
3a. Plakat, gruppeinnlevering
3b. Lærebokoppslag med skriveoppgåve, gruppeinnlevering
Obligatorisk læringsaktivitet 3 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv" og " - kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer ".
4. Obligatorisk frammøte på 80% av undervisningen. Ev. fråvær skal dokumenterast til emneansvarleg.
Både nynorsk og bokmål skal nyttast i læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende seinast 2 veker før eksamen for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i semesteret.
Aktivitetane er gyldige i tre (3) semester etter godkjenning.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som NOB802N.
| Semester | Kandidater | Snitt | Stryk |
|---|---|---|---|
| Vår 2025 | 132 | C (3.19) | 0 % |
| Vår 2024 | 119 | C (3.08) | 0 % |
| Vår 2023 | 125 | C (3.16) | 2,4 % |
| Vår 2022 | 117 | C (3.04) | 2,6 % |