Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
37 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving.
Val av emne får innverknad på studenten sin praksis. Denne emneplanen gjeld studentar som har valt fordjuping i treningslære. Studentar som har valt andre emne ved HVL skal følgje emneplan og retningslinjer i grunnskulelærarutdanninga.
Praksis blir organisert som 10 dagar punktpraksis på vidaregåande skule, der idrettsfag skal utgjera minst halvparten av praksisdagane, og 10 dagar samanhengande praksis i idretten.
Ein praksisdag tilsvarar ein arbeidsdag, og studenten skal vere til stades 7,5 timar kvar dag. Det skal leggast til rette for at for- og etterarbeid gjerast innanfor ordinær arbeidstidsramme.
Praksis kan føregå på enkelte andre dagar/kveldar. I skulen - i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. I idretten - i samband med møter og arrangement på kveldstid og i helg. Ved eventuell kveldspraksis og/eller praksis i forbindelse med helg, skal arbeidsdagen forskyvast eller kompenserast for på andre dagar.
I praksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre sin undervisning/aktivitet. Døme på andre arbeidsformer kan vere observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte.
Praksis kan og føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m. i skulen, og kveld og helg i praksis i idretten.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
I både skule- og idrettspraksis inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging, gjennomføring og evaluering av eigen og medstudentar sin undervisning/aktivitet. Døme på andre arbeidsformer kan vere observasjonsoppgåver, gje eller ta imot rettleiing, delta i eller observere elevsamtaler (til dømes undervegsvurdering), spelarsamtaler eller samtaler med andre i skule-eller idrettspraksis, delta på foreldremøte, styremøte, lærar-/personalmøte eller liknande. Studenten skal følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar/rettleiar så langt det er mogeleg.
I skulepraksis skal studenten som har ansvar for ei undervisningsøkt, lage eit planleggingsdokument som skal leverast til praksislæraren. Dokumentet skal leverast i god tid før økta, slik at studenten kan få rettleiing i forkant. Rettleiing etter gjennomført undervisning skal gjerast saman med praksislæraren og praksisgruppa, og skal innehalde refleksjon og evaluering av økta. Om studentane får høve til å leie aktivitetar i praksis i idretten er det ønskjeleg at same prosedyre, med omsyn til planlegging, gjennomføring og evaluering, blir følgt.
På praksisførebuande møte skal studentar og praksislærar/rettleiar i idretten, saman utforme ein skriftleg plan for prakissperioden. Planen skal innehalde tidspunkt, aktivitetar, kven som har ansvar for kva, rettleiingstidspunkt og eventuelt andre kommentarar. Denne planen skal synleggjere avtalar og forventningar knytt til oppmøte og ansvarsområde for både praksislærar og studentar. Ein kopi av planen skal sendast til profesjonsrettleiaren ved HVL før oppstart av praksis.
Obligatorisk 20 dagar rettleia og vurdert praksis.
2 delvurderingar: bestått/ikkje bestått
Samla sluttvurdering vår: bestått/ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få bestått i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen takast opp att åleine.
Studenten kan ikkje klage på vurderingsresultat i praksis. Dersom praksis ikkje er bestått, kan studenten gjennomføre andre forsøk neste gong emnet går ordinært. Dette kan påverke studenten sin studieprogresjon.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som LUPEKP300.