Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
26 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
Dette praksisemne har to alternativ;
1) Ordinær praksis; Fire veker rettleia praksis i barnehage eller skule der studentane skal samhandle med barn, øve seg i førebyggande arbeid og gjennomføre eit aktivitetsopplegg saman med barn og unge.
eller,
2) Alternativ praksis; Praksis i Nattergalen - mentorskap i ein fleirkulturell kontekst. I denne praksisforma er studenten mentor for eit barn i alderen 8-12 år. Nattergalen vert gjennomført ved fast samvere mellom studenten og barnet i 3 timar kvar veke i perioden oktober - mai, minimum 25 gonger. I tillegg er det obligatoriske gruppesamlingar knytt til aktivitetsplanlegging, individuell rettleiing og grupperettleiing. Ved brot på mentorpraksis vert det gjort individuelle vurderingar for vidare praksis.
Studenten lyt søke om å få nattergalen som praksis, og vert kalla inn til intervju og vidare vurdering om denne praksisforma kan vere aktuell. Studenten skal ikkje søke om å ta ordinær praksis.
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
Ferdigheiter: Studenten...
Generell kompetanse: Studenten...
Undervising og former for læring vekslar mellom førelesing, gruppearbeid og praktiske aktivitetar.
I praksis skal studentane gjennomføre ein aktivitet med eit barn eller gruppe med barn. Studenten skal i tillegg delta i det daglege arbeidet ved praksisplassen. Det skal leveras skriftleg praksisrapport etter praksisperioden.
Praksis vert vurdert samla etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden. Inkludert i vurderingsgrunnlaget er praksisvurderinga frå praksisrettleiar, samt godkjend praksisrapport.
Retningslinjene knytt til arbeidstid på praksisplassen er 4 veker praksis, ordinær arbeidsveke (37 1/2 t pr. veke).
For studentar som har Nattergalen-praksis, vert det stilt krav om minimum 25 treff mellom mentor og mentorbarn i praksisperioden. I tillegg er det krav om 90% frammøte i obligatoriske gruppesamlingar knytt til aktivitetsplanlegging, individuell rettleiing og grupperettleiing.
For å få greidd praksis, må studenten nå læringsutbytte og oppfylle krav til 90 % frammøte i praksis, jfr. Forskrift om studium og eksamen ved HVL
Praksis vert vurdert til bestått/ ikkje bestått.
Når studenten får praksis vurdert til ikkje bestått, må heile praksisperioden takast på nytt. Studenten må i slike tilfelle gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne blir arrangert ordinært.
Det er krav om 80% frammøte på før- og etterpraksseminaret, og 90% frammøte i praksis.
Studentar som har hatt Nattergalen som praksis skal delta kun på etterpraksisseminaret.
Etter praksisvekene skal det leverast praksisrapport på 1500 ord (+/- 10 %).
Praksisrapporten skal medverke til at studenten reflekterer over gjennomføring av aktivitetsopplegg og eiga læring i praksisperioden.
Ved ikkje godkjent skriftleg obligatorisk læringsaktivitet kan ein levere inn revidert versjon ein gong, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet § 8- 4.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som BARNP1.
| Semester | Kandidater | Stryk |
|---|---|---|
| Vår 2025 | 26 | 0 % |
| Vår 2024 | 28 | 0 % |
| Vår 2023 | 38 | 0 % |
| Vår 2022 | 56 | 0 % |
| Vår 2021 | 51 | 0 % |