Finner retningen …
Finner retningen …
Laster botkontroll.
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
Gjennomsnittlig svar: ingen svar
KARAKTERFORDELING · V 2025
4 kandidater
Alle delene må normalt være bestått. Karakterfordelingen over gjelder emnet samlet.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
HVL sin egen emnebeskrivelse — læringsutbytte, innhold og vurderingsform.
HYD801 dekkjer hydrogenteknologi frå grunnleggjande hydrogenfysikk/kjemi, produksjon, lagring, bruk og tryggleik/lovverk for bruk av hydrogen.
HYD801 kan enkelte gonger bli køyrt med ekstra fordjupning i spesifikke tema. Dette vil i så fall bli annonsert på informasjonssidene til etter- og vidareutdanningskursa i hydrogen, men vil ikkje påverke innhaldet i eller omfanget av kurset i stor grad.
Konkrete tema som dette kurset vil ta for seg:
Grunnleggjande om hydrogen:
Ein grunnleggjande definisjon på kva ein gass er, og spesielle eigenskapar til gassar. Det vil deretter bli gitt ein innføring i hydrogenets eigenskapar, og kva former den kan ha (væske, gass).
Hydrogen kan produserast på fleire måtar. Desse blir gjennomgått og vurdert mot kvarandre med tanke på miljø, kostnadar og berekraft.
Lagring av hydrogen kan gjerast på mange måtar. Dei ulike måtane blir skildra, og vurdert opp mot kvarandre utifrå eit teknologisk og tryggleiks-perspektiv.
Temaet går inn på kva som er så "spesielt" med bruk av hydrogen. Det vil bli gjennomgått ulike mål for energitettleik, og diskusjonar kring ulike formar for energi og korleis hydrogen kan samanliknast med desse. Hydrogen kan brukast på fleire måtar, og desse vil bli skildra i kurset. Hydrogen kan bli gjort om til energi, og dette vil bli skildra med bruk av døme som brenselceller, motorar og turbinar. Korleis hydrogen vert nytta i industrielle prosessar vil og bli gjennomgått.
Sidan det er store farar knytt til bruk av hydrogen, er det viktig å kunne arbeide med hydrogen på ein trygg måte. Generell tryggleik rundt hydrogen vil bli gjennomgått, og meir avanserte døme vil bli diskutert. Praktiske døme på hydrogenbrannar og -eksplosjonar blir nytta for å få betre innsikt i korleis ulykker kan bli unngått.
Ved fullført emne har studenten følgande kvalifikasjonar:
Kunnskapar
Studenten…
Ferdigheiter
Studenten…
Generell kompetanse
Studenten…
Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Yulia Arinicheva Skåtun
Jonathan Økland Torstensen
Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar.
Det vil bli gjennomført eit laboratoriekurs som er obligatorisk. Kurset vil være organisert som fysisk samling i Bergen. Dei som ikkje kan delta på dette vil bli gitt ein alternativ obligatorisk øving. Gyldig fravær må dokumenteres.
Alle fem quizar og laboratoriekurs må vere bestått med 100 % for å få kursbevis/ta eksamen.
Tidsfristar vert satt ved kursstart.
Kilde: Felles studentsystem (FS) via Høgskulen på Vestlandet, slik den var publisert for høsten 2026. Høgskulen på Vestlandet er ikke ansvarlig for innholdet på denne siden.
Hva burde andre vite før de tar dette? Anonymt, ingen innlogging.
Basert på hvor kandidatene til eksamen var registrert (DBH).
Emner som tas i de samme studieprogrammene som HYD801.
| Semester | Kandidater | Snitt | Stryk |
|---|---|---|---|
| Vår 2025 | 4 | C (3.00) | 0 % |
| Vår 2024 | 7 | B (4.14) | 0 % |
| Vår 2023 | 22 | B (3.64) | 0 % |
| Vår 2022 | 16 | B (3.94) | 0 % |
| Høst 2021 | 23 | C (3.00) | 0 % |
| Vår 2021 | 52 | C (2.88) | 25 % |